Magnar Moen

«Tilstandar ut frå svart»

20.11.2021 - 19.12.2021

Dette vert eit møte med teikning der kol, grafitt og nokre gonger sot er det materielle grunnlaget. Å bruka svart er ein kraftfull og direkte måte å setja spor på ei kvit flate. Svart har ein ibuande energi med tyngde, og inneheld berre det som skal til for å uttrykka noko visuelt. Det som kjem fram på papiret kan treffa på eit blunk som ei sanseleg erfaring der og då, eller det kan peika mot noko som er erfart tidlegare. Dette kan setja igang ein teikneprosess.

Kvar teikning har si eiga historie. Dei vert til i ein turbulent og omskifteleg prosess der lag på lag skapar forvandlingar med nye situasjonar. Det handlar om å jakta på det ukjente, men erkjenninga er at alt har utspring i eigen eksistens. Her kan lite medvitne sider og bitar av meg sjølv vekkjast til live.

- Magnar Moen

Forrige
Forrige

Linda Øgaard - TID

Neste
Neste

Torill Nøst - ANAS