Arrangementer


MØT EN KUNSTNER: Klara Sofie Ludvigsen
apr.
26.

MØT EN KUNSTNER: Klara Sofie Ludvigsen

Lørdag 26 april kl. 13:00 inviterer vi til kunstnersamtale mellom Klara Sofie Ludvigsen og Monica Takvam om utstillingen “Neon notis”. Ustillingen står til søndag 27 april.

Klara Sofie Ludvigsen

Neon notid

Indre sal, Kunstgarasjen

Utstillinga til Klara Sofie Ludvigsen har tittel Neon notid, og består av analogt fotografi saman med glas. Tittelen kjem frå opplevinga av korleis notida er overveldande, for tett på til å sjå klart. Det er ein forvirrande øving å ta notida inn, kanskje er det eigentleg umogeleg. Spesielt når ein står i noko som er krevjande i livet. Hjernen jobbar konstant med å zoome inn og ut for å prøve å få tak i det som skjer, utan å lukkast. Ludvigsen forklarer at denne opplevinga har påverka korleis ho arbeider i mørkerommet. 'Eg jobbar med å tillate meg å ikkje forstå kva eg gjer i notida, men stole på intuisjon og at distanse vil vise heilhet. Det er ikkje behageleg, men eg verdset å ikkje vete kor eg er på veg'. Intuisjon vert avgjerande.

I tillegg til tidligare utvikla metodar jobbar Ludvigsen no med collage på negativ-nivå. Det vil sei at ho klypper i negativ og kombinerer ulike motiv, eller deler av motiv, som vert eksponert på papir og resulterer i éit fotografi. Klara Sofie arbeider både med positiv og negativ film. Dette kan tilføre estetisk forvirring. Svart er transparent i negativet, og det er i det transparente ho har mulighet til å legge inn deler av andre negativ. Dette svarte gjer at motivet kan oppfattast som fråkobla og isolert frå tid og rom. Kombinasjonen av ulike motiv kan opplevast uoversiktleg og uforståeleg, på samme måte som notida kan opplevast uoversiktleg og uforståeleg.

I prosessen med å skape eit analogt fotografi jobber ein seg fram mot ønska eksponering med å gjere tester på små striper av papir. Dette kallast teststriper, og vanligvis kastar ein desse, men Klara Sofie tar ofte vare på dei. For ho finst det noko essensielt der. Å ta vekk motivets heilskap og berre ha tilgang til ein del, gjer at formspråket får ta all plass. Fotografert slik at motivet fyller heile flata på storformatsfotografiets 4x5" filmark, utan at omriss eller horisontlinje er med, lar ho forma, eller flata, være uendeleg. Med desse negativa lagar ho enorme 'teststriper', opp til 4,5 meter lange. Her presser ho grensene for kva som er mogleg skalamessig innan analogt fotografi. Å sjå på så store fotografi med eit uavgrensa motiv, gir ein kroppsleg følelse av å vere for tett på, av å ikkje få oversikt. 

Kunstnaren har også utforska kombinasjonen mellom glas og fotografi. I samarbeid med S12 Galleri og Verksted eksperimenterer ho med farga glas som dei fotografiske verka vert sett gjennom. Glas er ein vesentleg bestanddel i fotografiets opphav, og det er på den måten ei naturleg lenke mellom dei to, som tilfører nok eit lag av forstyrring. Glaset tilfører også eit fargeelement, i ein praksis som i all hovedsak omfattar svart/kvit fotografi.

Klara Sofie Ludvigsen (f.1983) bur og arbeider i Bergen. Ho har ein bachelor i fotografi frå Kent Institute of Art & Design i England. Klara Sofie var med i Vestlandsutstillinga 2023, og har vist arbeida sine i ei rekke gruppe- og separatutstillingar. Ho var med å starte mørkeromskollektivet Fotoverkstedet og har sitt atelier i Møllendalsveien 17, like ved Kunstgarasjen.

Utstillingen er støttet av: Bergen Kommune, BKV Billedkunstnernes Vederlagsfond, Norsk Fotografisk Fond og Kulturrådet.

Bildet: “Brutale taklingar”, 2024, 2 x 125 cm x 100 cm, Opplag 3 + 2AP

Vis arrangement →
MØT EN KUNSTNER: Håkon Holm Olsen
apr.
5.

MØT EN KUNSTNER: Håkon Holm Olsen

Lørdag 5 april kl.13:00 inviterer vi til kunstnersamtale mellom Håkon Holm-Olsen og Monica Takvam om førstnevntes utstilling “Mobile enheter”. Utstillingen står til 27 april 2025.

Gjennom collage, skulptur og animasjon presenterer utstillingen Mobile enheter en virkelighet med sin egen logikk og sine egne spilleregler.

Dyr, mennesker og maskiner har smeltet sammen til symbiotiske enheter, i konstant bevegelse eller oppslukt i gåtefulle aktiviteter. Fortid, nåtid og fremtid eksisterer side om side. Mytologi og fabler, fortidens spådommer om fremtiden, og forholdet vi har til teknologi blir viktige historier å fortelle. Holm-Olsen låner visuelle virkemidler fra science-fiction, tegneserier og vitenskapelige illustrasjoner og danner et møte mellom fakta og fiksjon, kunstig og naturlig, todimensjonalt og tredimensjonalt.

Håkon Holm-Olsen (f. 1982) bor og arbeider i Bergen. Han jobber innenfor mange ulike medier, hvor samling og bearbeiding av allerede eksisterende bilder står sentralt: 'Arbeidsprosessen min tar utgangspunkt i daglige økter på atelieret, der jeg forsøker å legge til rette for at det skal oppstå interessante tilfeldigheter. Kort fortalt innebærer dette at jeg samler på notater, objekter, fotografier, kasserte skolebøker og leksikon og bruksgjenstander som har mistet funksjonen sin. Dette blir gitt nytt liv som råmateriale for en collage, utgangspunkt for en tegning, deler til en skulptur, eller en kombinasjon av flere av disse.'

Holm-Olsen har de siste årene vist soloutstillingen Full Flex ved Visningsrommet USF, utstillingen Feltstudier ved Galleri Christinegaard i samarbeid med Helene Norseth, laget LP- cover for bandet Polyphonic Exophilia og gjort utsmykningsoppdrag for Åsane VGS og VID Vitenskapelige Høgskole. Han underviser til daglig ved Kunstskolen i Bergen.

Portrettfoto: Monica Takvam

Vis arrangement →