Utstillinger

Cato Løland: Absorbere.Ventilere
mai
10.
til 22. jun.

Cato Løland: Absorbere.Ventilere

Cato Løland

Absorbere.Ventilere

Korleis materialiserer ein eit tomrom? I Cato Lølands separatutstilling «Absorbere.Ventilere» er det kanskje eit særskilt fokus på tomrom, eit nærvere av fråvere. Positivt rom og negativt rom avslører kvarandre.

Løland nyttar vanlegvis materiale som har falle ut av sine opphavlege samanhengar og funksjonsmiljø. Amorfe utsnitt og avkapp av materiale som ikkje lenger er viktig. Ideen om funksjon avheng av korleis ein bruker eit objekt eller materiale – kva slags potensial og løfter vi kan gi til tinga vi omgir oss med. Når komponentar blir sette ut av samanhengane dei vart skapt for, mistar dei lett sin vitalitet. Dei glir ut av vevnaden og blir bleike og lause trådar. I openheit og fridom frå konvensjonar, har kanskje tinga enklare for å gli mot ei ny tilhøyrsle.

Lause trådar får nytt liv i dei vovne skulpturane til Løland. Dei har blitt ein del av noko igjen, i nye materialfellesskap, gjenfødd og transformert. I utstillinga kan du syne ein vegg med krumma skal, med si tomme innside vend mot tilskodaren, der ein ikkje riktig veit om dei beskyttar seg eller eksponerer seg – eller om dei gjer begge deler samstundes. Dei er sette saman på ein vegg, kor dei multipliserer seg. Kor kvar minste remse av overskotstekstil, plastsøppel og andre sediment har fått vekse seg store. Og dei har korkje éin start eller éin slutt.

I det neste rommet viser han avstøypingar i gips. Avstøypingane kjem frå dongeribukser. Eit plagg som opphavleg blei laga for å vere arbeidsklede, då det var meir slitesterkt enn dei fleste andre tekstilar. I dag er jeans i stor grad ein identitetsmarkør for alle - og er ikkje lenger først og fremst knytt til ‘blåsnipparbeid’. På desse skulpturane er det opningar, som nesten kan minne om pustehol, eller skyvedører.

Torleif Bay

Bio

Cato Løland (f. 1982) bur og arbeider i Bergen. Hans kunstnariske praksis beveg seg på tvers av medium, materialar og teknikkar, der arbeidet med skulptur ofte er kjernen. Ved å kombinere tekstilar med readymades og lågstatus-materialar med ulike kvalitetar og formål, lagar han skulpturelle verk som relaterer seg til kropp og den menneskelege skala og gjerne i dialog med rommet verka vert vist i. Dei ibuande kvalitetar, verdiar og funksjonar i dei valde materiala vert utfordra i den improviserte og nærast arkeologiske arbeidsmetoden hans. Løland sine skulpturelle verk adresserer ein måte å tenkje på som stillar spørsmål ved hierarkier, og bringar fram nye og alternative måtar å sjå og vera i verda på. Løland fullførte sin MA ved Kunst- og designhøgskolen i Bergen i 2009.

Nyere separatutstillingar inkluderer «Added» (2024) ved Lundgren Gallery, Palma, «Bogar i spenn» (2023), Tou, Stavanger, «Turning Strangers Into Family» (2022) ved Entrée, Bergen, «Chests» ved Paris Internationale (2022), «Reservoar» (2022) ved Tekstilindustrimuseet, Salhus (NO), «Før, før, etter, etter» (2021) ved Tag Team, Bergen , «Albogerom» (2020) ved SOFT Gallery, Oslo. Lølands verk inngår i samlingane til Nordenfjeldske Kunstindustrimuseum, KORO, KODE kunstmuseer og komponisthjem, Bergen Kommune, Sogn og Fjordane kunstmuseum, Universitetet i Bergen samt fleire private samlingar. Hans første kunstnermonografi «Cato Løland – Chests» ble publisert i oktober 2022.

Springbrettprisen

Cato Løland ble tildelt Springbrettprisen i 2022. Den er på kr. 100.000, og er gitt av Farvatn i samarbeid med Kunstgarasjen. Prisen gis til ein talentfull biletkunstnar med tilknyting til Vestlandet som utmerkjer seg med spennande, nyskapande kunst og ei lovande karriere. Prisen tar sikte på å fremje og støtte mangfaldet i kunstverda og skal fungere som eit springbrett i den kunstnariske karrieren til mottakaren og vil gi synlegheit, støtte og nye moglegheiter for ein kunstnar som har potensial til å nå globalt med kunsten sin.

Farvatn v. Kristin Odfjell og Johan Odvar Odfjell vil halde åpningstale for kunstnaren på utstillingsopninga 10. mai.

Vis arrangement →