Marta Nerhus

Marta Nerhus jobbar med skjøre og sanseleg skulpturar og teikningar i streng og metalltråd. Materialet og teknikken ho har utvikla kan romma sårheit, poesi og styrke.

Tidlegare jobba Nerhus mest med skulpturelle objekt surra av ståltråd til installasjonar ( Fyll opp mitt tomme krus, HKS 1997  og Oss i Bergens Kunstforening 2000, her med sølvtråd.)

Sidan 2002 har ho hovudsakleg strikkar metervare av metalltråd for så å modellere, kneppe og sy bilde og skulpturar eller laga objekt til installasjonar i rommet.

I ein lang periode har ho jobba med menneskeskikkelsar ( Solstrand hotell  2012) og portrett ( Amalie Skram og Torborg Nedreaas, Litteraturhuset i Bergen 2013 ).

Utstillingane hennar er oftast tematiske med eit litterært eller politisk utgangspunkt.

No jobbar ho med farga metalltråd, gjerne lag på lag med ulike fargar som så skapar nye fargar, som ein transparent akvarell.  I dette arbeidet vert ho inspirert av landskap, natur, planter og småkryp til havs og til lands og etterstevar eit kjenslevart uttrykk.

Arbeid av Nerhus  er innkjøpte til offentlege og private utsmykkingar, og ho har hatt fleire oppdrag  frå Universitetet i Bergen, skulpturelle objekt til illustrasjonar i kultur- og naturhistoriske utstillingar ( m.a. Pollenkorn til den permanente utstillinga Naturhistorisk Museum) .

Marta Nerhus er utdanna ved tekstilavdelinga Statens Kunsthøgskole, Bergen 1983-1988 og Vestlandets Kunstakademi, maleri frå Fria Konstskolan Helsinki, Finland 1988/89. Ho har hatt statens kunstnarstipend, senior, sidan 2014.

Forrige
Forrige

Arne Rygg