Karen Helga Maurstig
«I min praksis undersøker eg måtar å uttrykke korleis vi som menneske er vevd saman med naturen. Eg gjer dette ved å bruke dei grafiske teknikkane – letterpress og japansk tresnitt – i både bilde, artists’ books og papirinstallasjonar.
Ein Artist in Residence i Japan i 2006 har hatt stor betydning for min kunstnarpraksis. Eg lærte japansk tresnitt-teknikk (Mokuhanga) og er påverka av japansk estetikk. Eg har vore tilbake fleire gonger. Japansk kultur er innvevd i mine arbeidsmåtar og kunstnariske uttrykk.
I tresnitta mine brukar eg vassfargar og blandar dei med rislim. Bilda blir trykte for hand med ein baren – eit handhalde trykkeverktøy. Heile prosessen er både sakte og meditativ.»
Karen Helga Maurstig har grafikkutdanning frå Statens Kunst- og Handverkskole, Kunstakademiet Rotterdam i Nederland, fleire opphald i Japan, og etterutdanning i Artists’ books og letterpress/boktrykk. Ho er medlem i NBK, Biletkunstnarar i Sogn og Fjordane, Norske grafikere og Kunstgarasjen. Ho har mellom anna stilt ut på Kunstnarsenteret i Sogn og Fjordane, Buskerud Kunstsenter, Norsk Skogmuseum og deltatt på Vestlandsutstillingen, Østlandsutstillingen og NK sine landsdelutstillinger «Metamorfose» og «Svingninger». Ho har deltatt på juryerte utstillingar i Japan og USA. Maurstig har vore kurator (og deltakar) for det internasjonale tresnitt-prosjektet «20 Coastal Stations». Utstillinga vart vist på Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Bodø Kunstforening og Grafiska Sällskapet i Stockholm. Sogn og Fjordane Kunstmuseum har kjøpt inn fleire av hennar arbeid.