Åse Vikse

Åse Vikse (1981, Sveio) er ein tverrfagleg grafikar som bur og arbeider i Hardanger. Vikse arbeider både med tradisjonelle teknikkar som tresnitt og meir eksperimentelle monotrykk. Sistnemnde tek ofte form som kunstnarkart, der prosessar som vandring, plein air grafikk og konseptet skulpturell grafikk står sentralt.

Temaet stadkjensle står sentralt i hennar praksis, ho er interessert i arkitekturhistorie og spennet mellom det konstruerte og det organiske. Eit berande element i hennar arbeid er å utvikla kunst på mest mogleg berekraftig vis – gjennom ein sirkulær materialbruk, omarbeiding av det allereie eksisterande og ei varsemd i møte med naturen. 

Vikse har MA i Fine Art (Printmaking) frå Middlesex University, London og BA (Hons) i Communication Design frå Gray’s School of Art, Aberdeen. Ho har stilt ut i blant anna Bristol, Ísafjörður og London. Ho vart tildelt Vestland Fylkeskommunes Kunstnarstipend i 2024.


Forrige
Forrige

Judy Sirks Vevle

Neste
Neste

Jeremy Welsh