Brynhild Winther

Brynhild Grødeland Winther har BA og master fra KHiB. Hun har vokst opp på gård, og har tidligere jobbet som sleggemekaniker i oljeindustrien. Disse erfaringene ligger ofte som et bakteppe i kunsten hennes. Winther har stillt ut på blant annet Stavanger Kunstmuseum, Høstutstillingen, GoMA (Glasgow), Vestlandsutstillingen, Bærum Kunsthall, Oppland Kunstsenter, Møre og Romsdal Kunstsenter, Immunologisk Institutt, Galleri 69, Tegnerforbundet, Tou Ølhallene, og flere steder. Verkene hennes er innkjøpt av OsloMet, KORO, Helseklage, Haugalandmuseet, og private samlere i inn og utland.

Selv beskriver hun kunstnerskapet sitt slik: «Teikning er mitt hovudspråk, men eg jobbar òg med tekst. Det ligg eit paradoks i det at eg jobbar med ord, for eg har ei problematisk relasjon til ord. Kanskje er frustrasjonen over manglane i ord som språk, noko av hovuddrivkrafta bak mitt kunstneriske virke. Eg har eit ytringsbehov, men når ein omset tankar til ord, blir mesteparten borte. Eg har asperger. I 2018 lærte eg at det er vanleg blant folk som ikkje har asperger, å ha noko ein kallar «den indre stemme». Den kvelden blei eg liggjande vaken heile natta og prøve å rope inni tankane mine. Men det var heilt stille. Det første skrivne ord, var ei teikning av eit dyr. I teikningar, kan ein på same måte som i tanken, sjå ting frå mange sider på same tid. Det finst mykje i både tankane, teikningane, og i verda utanfor språket og sansane våre, som ikkje får plass i språkleg, lineær logikk. Eg undrar eg meg over at somme trur ein kan forstå verda gjennom ord. Eg meiner at ein berre gjer ting forståeleg ved hjelp av ord. Det ser òg ut til at mange utfordringar i samtida kan relaterast til tanken om at ord skal ha ein faktisk eksistens i verkelegheita. Dette gjeld alt frå klimapolitikk, til identitetspolitikk og mykje anna. Kvifor skal ein absolutt ha ei språkleg forklaring på alt? Om ein forstår noko flytande, ser ein vel berre det som ligg i overflata?» 

Forrige
Forrige

Kari Aasen

Neste
Neste

Gunhild Sannes