Brynhild Winther

Fiskebolle lengtar etter havet

20.01. - 26.02.2023

«Fiskebolle lengtar etter havet…»

Det var den dagen eg oppdaga kor naiv ein må vere for å ha håp, og og
Mellom
rullesteinane i strandkanten renn orda vekk mellom

tennene slik sjøen renn vekk mellom fingrane...
Fiskebollå har ikkje ein sjanse i havet.
Augo er vindauge og ein er alltid åleine inni seg sjølv...sa gullfisken.
Eg kan aldri forstå deg flytande. Og om ein forstår noko flytande ser ein berre det som ligg i overflata. (Det blir sagt at oss med asperger tek ting bokstaveleg...men kva skal ein ta bokstaveleg om ein ikkje kan ta bokstavar bokstaveleg?)
Ein kan aldri forstå verda ved hjelp av ord, men ord blir brukt for å omdanne ting
til noko forståeleg.
Making sense liksom...
Men eg forstod ikkje.
I praksis er alle ord pisspreik.
Piss i havet.
Dråpar som kan få det til å renne over. Usynleg.
Ord har ingen kropp. Fiskane på djupt vatn har kropp og
kroppane deira bærer vekta
av heile sjøen.
Ord forsøker å bære meining. Tunge steinar, som
kan vere rullesteinar som
skulle hindre sjøen i å ete opp jorda kor ein skulle stå støtt på beina.

Blyantstrekar kan vere fiskegarn.
Eg veit ikkje kva dei har fanga. Orkar ikkje sortere fisk frå vrakgods. Hadde ein kunna sei alt med ord ville ikkje kunsten hatt noko hensikt. Så var det ikkje meir
å sei.
Sei er ein type fisk som lever langs norskekysten...

Brynhild Grødeland Winther har ba og master fra Kunstakademiet KHiB. Hun har stilt ut ved blant annet Stavanger Kunstmuseum, Høstutstillingen, Tegnerforbundet, Møre og Romsdal Kunstsenter, Bærum Kunsthall, Haugesund Billedgalleri, Oppland Kunstsenter, Vestlandsutstillingen, med flere, og er innkjøpt av KORO, OsloMet, Haugalandmusèet, Helseklage, Sparebanken Vest og private samlere i inn- og utland. 

Bilde: «Fiskebolle» , Blyant/tusj på papir, 120x150cm.

Utstillingen er støttet av Ingerid, Synnøve og Elias Fegerstens stiftelse for norske bildende kunstnere.



Forrige
Forrige

Astrid Sleire

Neste
Neste

Katrin Berge