Uten navn (1280 x 1280 px).png

Vestlandsutstillingen 2021

27. august 2021-19. september 2021

Møllendalsveien 15, 5015 Bergen


«Viss du skal lage ein langfilm, er alt du treng 70 idear,» hevdar den amerikanskefilmregissøren, kunstnaren og skodespelaren David Keith Lynch (f. 1946). Han er mest kjendfor filmar somEraserhead(1977),The Elephant Man(1980),Blue Velvet(1986) ogMulholland Drive(2001), samt fjernsynsserienTwin Peaks.Å måle seg meg Lynch er detingen som kan, men eg finn det likevel interessant å trekke parallellar mellom det visuellefilmspråkethans og tilnærminga han har til det å lage, film og mine eigne prosjekt somkurator–i dette høvet som kurator for Vestlandsutstillingen (VU) 2021.

Det er fri innsending til VU, og som kurator fekk eg ikkje berre 70 tilsendte idear å tastilling til, men nærare 1000. Til VU 2021 kom det nemleg inn 311 søknader, som til samaninneheldt bortimot 1000 verk eller prosjekt. I prosessen med å velje ut, har eg vore opptekenav å finne fram til verk som kan setjast i scene slik at utstillinga får ei underfundigog særstemning lik den vi finn i ein Lynch-film. Stemningar knytt til merkelege og draumeaktigescenar, eller sensuelle og forførande. Tvitydige stemningar der venleik og uhygge går hand ihand. Under ei perfekt overflate lurer gjerne død og elende, samstundes som noko rørandeog vakkert kan gøyme seg i noko som ser forderva og øydelagt ut.

Eg har laga ei liste med stikkord som besøkande på VU 2021 kan ha med seg i møtetmed kunstverka:disiplin, endring, fiksjon, forsking, fortaping, grotesk, handverk,historie, kjenslevar, kontroll,kropp, materialitet, meditativ, minne, natur, nitid, nøysemd, perfeksjon, presisjon, rørsle,sakn, sanseleg, sensuelt, skjørt, sorg, tid, taktilitet, tolmod, tilbakeblikk, uperfekt,undermedvit...

Desse stikkorda opnar formange ulike assosiasjonar, stemningar og forteljingar. VU 2021gjev ingen fasitsvar, men kan lesast som ei open forteljing sett saman av mange parallelleforteljingar. 16 kunstnarar med til saman31verk er med. Kvart av desse verka er unikt ogrommar si eiga historie, men gjennom å bli plassert i ei utstilling saman med andre verk blirmeininga forsterka eller endra. Dette spelar eg medvite på i måten utstillinga blir utformapå. Eg ønskjer at verka skal bidra til at nye historier blir skapt gjennom korleis dei blirmonterte. Ingen av dei 6 visningsstadene som VU 2021 skal til er like, og difor vil nyehistorier oppstå frå stad til stad. Ikkje minst fordi kvar einskild utstillingsgjest også er einaktiv medskapar.

Heidi Bjørgan, kurator

Foto: Maya Økland

Forrige
Forrige

Carl Martin Hansen 22.05.2021 - 26.06.2021

Neste
Neste

Imagine the view