Kurt-Johannessen.jpg

BOKLANSERING: KURT JOHANNESSEN OG GUNNAR DANBOLT

25 april 2018

I samband med lanseringa av ei ny bok om Kurt Johannessen sitt kunstnarskap, viser me verk av Kurt Johannessen i Hanskerommet. Utstillinga vil vere open frå 6.april.

Me ynskjer velkomen til ei samtale mellom Gunnar Danbolt og Kurt Johannessen Onsdag 25. april kl 19:00 i Kunstgarasjen. Gunnar Danbolt har skrive ei lengre tekst i boka «Kurt Johannessen 2007 -2017». Boka presenterer mange av Kurt Johannessen sine performancer dei siste 11 åra.
Performancene er framførde over heile verda. I boka presenterast dei kronologisk, og viser med dette dei kunstnarlege reisa gjennom desse åra.

I tillegg er det eit intervju av Helga-Marie Nordby i boka. Den nye boka om Kurt Johannessen er på 408 sider, rikt illustrert og med norsk/engelsk tekst.

Denne veka har me også grafikkdager i Kunstgarasjen, med flotte gåveidear til konfirmanten, bryllaup og dåp.

Johannessen.jpg
 
Forrige
Forrige

April: Utstillingsåpning: Tegneklubben

Neste
Neste

Mai: Utstillingsåpning Bjørn Hegardt