LØVEID.jpg

LITTERATURAFTEN: CECILIE LØVEID PÅ KUNSTGARASJEN

14 des 2017

Kunstgarasjen, Møllendalsveien 15

Kunstgarasjen ønsker velkommen til en kveld med Cecilie Løveid!

Løveid vil lese fra sin Brageprisbelønte diktsamling Vandreutstillinger, og snakke om sitt arbeide.
Kolon forlag skriver om boken: Vandreutstillinger er ei samling dialog- og portrettdikt, der historiske personar blir tolka og portretterte. Kjende og mindre kjende kunstverk blir skildra i poetisk form. Det er på mange måtar ein gamal sjanger Løveid utforskar og fornyar, den klassiske retorikkens ekfrase, som tyder ”dikt som skildrar eit kunstverk”. Løveid fornyar sjangeren ved å skildre korleis Obstfelder blir portrettert i teikneserieform; ein annan stad tek ekfrasen hennar utgangspunkt i ei tatovering. Målet med samlinga er ikkje berre å skildre store verk, men å vekkje eksistensiell undring hjå lesaren, og det skjer på ein underfundig og fabulerande måte. Djupt eksistensielt alvor blir avløyst av små, effektivt avvæpnande blikk eller grep. Eit døme er diktet hennar til Andy Warhol, der ho lèt kunstnaren repetere den same replikken (”Jeg er helt henrykt”) i møte med vilkårlege brutale historiske faktum: alt kan bli serieprodusert og estetisert. Eit sosialt engasjement – og klasseperspektiv – blir forløyst av Løveids fantasi og krysskoplingane hennar av bilete. Enkeltdikta er direkte og slåande, medan samlinga som heilskap er gjennomkomponert som eit teaterstykke i tre delar.

Carina Elisabeth Beddari fra Morgenbladet:
«Cecilie Løveid viser vilje til kunstkritisk tenkning i poesiens form.[…] Alle de finurlige sammenhengene som kommer til syne i Vandreutstillinger, etterlater en sulten på både kunst og liv – og ikke minst på spørsmålene som oppstår når de føres sammen.»
Illustrasjonsfoto: Helge Skodvin/Kolon Forlag

Gratis inngang. Enkel servering.

Forrige
Forrige

Desember: Utstillingsåpning: Juleutstilling i Kunstgarasjen