UTSTILLINGSÅPNING: VESTLANDSUTSTILLINGEN 2019

Vestlandsutstillingen 2019 – Vi er stedene opnar på Kunstgarasjen i Bergen den 10.oktober Kl. 19:00.

Me ønskjer velkomen til ei utstilling med kunstverk laga av 35 kunstnarar som på ulike vis er tilknytt Vestlandet. Dei har laga kunst her, vakse opp, levd og tileigna seg andre sterke band til landsdelen.

Presentasjonen tek form av ei gruppeutstilling og stadspesifikke verk til kvar visningsstad, samt ein publikasjon som både stiller ut kunstverk og inneheld ein lengre tekst om Vestlandet anno 2019 – det siste året med landsdelen slik me kjenner den i dag. Forfattar og kurator er Marte Danielsen Jølbo frå Stavanger.

«Det siste året har jeg tenkt mye på steder, på hva som konstituerer et sted, men også hva som gjør at de nye stedene man gjennom livet flytter til etterhvert føles som et hjem. Hva innebærer det å føle seg hjemme i et landskap?»
– Marte Danielsen Jølbo i Vi er stedene

Gjennom dei tre utstillingsspora opnar Jølbo for spørsmål som knyttar kunsten til stad og materialitet, stadshistorie, tilhøyrsle, litteratur og politikk. Utstillinga gjev døme både på korleis kunsten kan være ein stad for tenking og diskusjon rundt aktuelle samfunnsspørsmål så vel som personlege estetiske erfaringar og refleksjon.

Deltakande kunstnarar:

Gruppeutstilling:
Anette Gellein, Arild Våge Berge, Åse Løvgren & Stine Gonsholt, Aurora Solberg, Gunnhild Torgersen, Hilde Frantzen, Elin Brissman, Ida Madsen Følling, Johanne Hestvold, Kenneth Varpe, Maiken Stene, Margrethe Aanestad, Natasja Askelund, Ole Martin Lund Bø, Per Christian Brown, Roddy Bell, Siv Bugge Vatne, Stian Ådlandsvik, Tor-Finn Malum Fitje, Trond Hugo Haugen, Yngve Mathisen

Stadspesifikke verk:
Ingrid Lønningdal (Kunstgarasjen), Jiska Huizing (alle visningsstadene), Azar Alsharif (Kunsthall Stavanger), Hans Edward Hammonds (Haugesund Billedgalleri), Lillian Tørlen (Kunstmuseet KUBE), Solveig Landa (Kunsthuset Kabuso), Tone Wolff Kalstad (Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Publikasjon:
Agnes Btffn, Anna Ihle, Bjørn-Henrik Lybeck, Endre Aalrust, Kent Fonn Skåre, Kristin Velle-George

Til Kunstgarasjen vert det presentert nye og stadspesifikke verk av henholdsvis Ingrid Lønningdal og Jiska Huizing.

Ingrid Lønningdal sine store tekstilar heng frå tak til golv langs delar av vindusrekka i Kunstgarasjen. Som namnet tilseier, vert denne utgåva av Vestlandsutstillingen husa i ein gamal garasje, og til sitt stadspesifikke verk har Lønningdal tatt tak i bygninga si historie. Det enkle, ubleika bomullsstoffet dekkar delvis utsikta, men slepp lyset inn. Lønningdal brukar ofte element frå arkitektur og industrihistorie i kunsten sin, og dei monumentale tekstilane aktiviserer Kunstgarasjen sin arkitektur og historie. Kunstgarasjen held til i Møllendalsveien i Bergen, i lokale som tidlegare vart brukt av Alfr. Hartveit Karosseri A/S. Bomullslerret er eit rimeleg, industrielt vevd materiale som gjerne vert brukt til mønsterkonstruksjon. I denne samanhengen har materialet ein referanse til salmakarverkstaden som var del av produksjonen på staden. Garasjen, som du går gjennom på veg inn til visningsrommet, blei bygd i 1984, eit år då den enkle bilmodellen Fiat Uno blei kåra til «Årets bil» i Europa. Nybilsalet er kjenslevart for konjunkturendringar og kan brukast som ein indikator på samfunnsmessige endringar og økonomi. Medan det i Noreg vart seld 110 000 nye bilar i 1984, vart det i jappetida si storheitstid to år seinare satt norsk rekord med nesten 170 000 sal, før finanskrisa i 1988 førte til eit bratt stup. Fiat Uno fortel om tidsperioden gjennom si utforming, produksjonsmåte og økonomi, og kan sjåast som ein representant for året då lokalet til Kunstgarasjen blei oppført. I dag er nybilsalet framleis ein indikator på kor godt økonomien går, men med klimakrisa stadig meir til stades har det blitt problematisk å måle framgang i forbruk.

Til Vestlandsutstillingen 2019 vart Huizing invitert til å lage stadspesifikke lydverk til alle dei seks stadane utstillinga har vore innom. Lydverket til Bergen er det siste i denne serien, og er basert på eit besøk i byen i juli. Opplevinga av Bergen som stad var veldig annleis enn dei andre fem stadane på Vestlandet då Huizing har budd her i fleire år, men nyleg flytta vekk. Dette verket er, i motsetnad til dei føreståande, ikkje ei undersøking av ein ny stad, men nærare ei øving i å sjå ein stad på nytt. Minner knytt til denne staden og av tidlegare Torn Tracks -verk som blei laga medan ho framleis budde i Bergen har også fått plass i det endelege verket.

Performance på opninga:
På opninga oppfører Jiska Huizing ein live performance, som er ei form for aktivt tilbakeblikk på alle verka ho har laga til Vestlandsutstillingen. Ho leiar publikum gjennom verka og reflekterer over dei i konteksten av heile Torn Tracks-prosjektet; korleis verka forheld seg til kvarandre og stadane, omorganiserer delar, brukar ting som ikkje blei inkludert og lagar noko nytt.

Fylkesdirektøren for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylke, Per Morten Ekerhovd vil halda opningstalen.

Utstillinga står fram til 10.november

Tusen takk til Hordaland Fylkeskommune, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Rogaland Fylkeskommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune, Bergen kommune, Fritt Ord, Kulturrådet, Stiftelsen Kjell Holm og Billedkunstnernes Vederlagsfond.

Om kuratoren:
Marte Danielsen Jølbo (f. 1984 i Stavanger) er kurator, skribent og redaktør. Sidan 2012 har ho drive prosjektrommet og forlaget Another Space – prosjektrom for kunst og arkitektur saman med arkitekt Nicola Markhus, og ho er medstiftar og redaktør for Contemporary Art Stavanger (CAS). Jølbo har vore kurator for ei rekkje utstillingar og tverrfaglege prosjekt, og har skrive og redigert fleire kunstfaglege essay og publikasjonar. I 2012 mottok Jølbo Stavanger kommune sitt kunstkuratorstipend, og ho har nyleg delteke i dei kuratoriske programma Curatorial Program for Research: Mexico, OCAs kurator-residency på ISCP i New York og KOROs Kuratorpraksis + det offentlege rom. Jølbo har ein mastergrad i Moderne kultur og kulturformidling frå Københavns Universitet og ein bachelor i litteraturvitskap.

Om Vestlandsutstillingen:
Vestlandsutstillingen er den eldste landsdelsutstillinga, og vart for fyrste gong vist på Bergen Kunstforening i 1922. Det har heilt sidan starten vore ei juryert gruppeutstilling med fri innsending. I byrjinga bestod juryen av 5 kunstnarar som var valt av biletkunstnarorganisasjonane, men har sidan 1998 bestått av 1-3 inviterte kuratorar. Formålet med utstillinga er å arrangere ei årleg utstilling med verk av kunstnarar som har tilknyting til Vestlandet. Utstillinga skal vise frem samtidskunst av høg kvalitet som speglar den vestlandske kunstscena ut mot resten av landet.

Bilde: Elin Brissman